post@syogstrikkebui.no

41 43 70 51

Om Oss

Om Sy og Strikkebui

Sy- og Strikkebui er butikken for deg som elskar å skape, og vi er stolte over å vere størst på garn, strikketilbehøyr og stoff i Indre Sogn. Her finn du alt du treng til ditt neste handarbeidsprosjekt, frå mjukt fiber til dei beste verktøya. Sjå nettbutikken vår eller besøk oss i butikken vår i Sogndal.

Ein lang reise

Vår Historie

Sy- og Strikkebui har røter heilt tilbake til 1920-talet, då butikken Svendsen starta opp i Sogndal. Det var ein veletablert samlingsplass med alt frå stoff og klede til ein populær kafé. Denne arven tok Anny Alpen vidare då ho i 1996 tok over håndarbeidsavdelinga og skapte det me i dag kjenner som ei ekte familiebedrift i hjartet av Fjøra.

Oddveig Alpen har vore med på reisa nesten heilt frå starten, og tok formelt over roret i 2018. Med over 70 års samla kompetanse i veggane, har butikken utvikla seg i takt med tida. Frå å fokusere stort på stoff og stabelvarer, er me i dag Sogn sin største destinasjon for garn, strikkeglede og eit unikt utval av knappar.

I dag er Sy- og Strikkebui ein møteplass for alle generasjonar – frå dei erfarne hendene til unge studentar som har oppdaga skapargleda. Me brenn for berekraft og gjenbruk, og med eige tilbod om reparasjon frå sydame, hjelper me kundane våre med å ta vare på plagga sine. Me er stolte over å føre tradisjonen vidare med fokus på kvalitet og personleg service.