post@syogstrikkebui.no

41 43 70 51

Salsvilkår

Salgsvilkår for Sy og Strikkebui

Desse salgsvilkåra gjeld for alt sal av varer frå Sy og Strikkebui til forbrukarar.

1. Avtalen

Avtalen består av desse salgsvilkåra, opplysningar gjeve i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved motstrid mellom opplysningane, går det som er særskilt avtalt mellom partane føre, så sant det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgjeving.

2. Partane

Seljar: Sy og Strikkebui Oddveig Alpen Organisasjonsnummer: 920177409 Fjørevegen 19, 6856 Sogndal E-post: post@syogstrikkebui.no Telefon: 41437051

Kjøpar: Er den forbrukaren som gjer bestillinga.

3. Pris

Den oppgjevne prisen for vara og tenester er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter (mva.) og eventuelle tilleggskostnader. Tilleggskostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bere.

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren. Avtalen er likevel ikkje bindande viss det har førekomme skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga eller i bestillinga til kjøparen, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det førelåg ein slik feil.

5. Betaling

Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet ho blir sendt frå seljaren til kjøparen. Betaling skjer via Woo Payments, som tilbyr trygg betaling med kort og andre digitale løysingar.

6. Levering

Levering skjer med Posten eller Postnord. Normal leveringstid er 2–3 virkedagar etter at ordra er behandla. Vi tek atterhald om at forseinkingar kan førekomme i travle periodar eller ved uføresetta hendingar hos transportør. Risikoen for vara går over på kjøparen når hen, eller hen sin representant, har fått varene levert.

7. Angrerett

Kjøparen kan angre kjøpet av vara i samsvar med angrerettslova. Kjøparen må gje seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å laupe. I fristen er inkludert alle kalenderdagar. Dersom fristen lutar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til næraste virkedag.

Kjøparen må dekkje dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre anna er avtalt eller seljaren har feila i si opplysingsplikt.

8. Mangel ved vara – kjøparen sine rettar og reklamasjonsfrist

Dersom det føreligg ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at den vart oppdaga eller burde ha vore oppdaga, gje seljaren melding om at hen vil påberope seg mangelen. Fristen for å reklamere er to år etter at kjøparen overtok vara, eller fem år dersom vara er ment å vare vesentleg lenger enn to år.

Ved manglar kan kjøparen etter omstenda krevje retting, omlevering, prisavslag, heving eller erstatning.

9. Konfliktløysing

Klager blir retta til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling.