post@syogstrikkebui.no

41 43 70 51

Din Neste Sy- eller Strikkeidé Startar Her

Nye prosjekt, nye moglegheiter. Alt du treng til ditt neste design er samla på éin stad.

garn
Strikkepinnar

Velkomen til Sy- og Strikkebui

Eg heiter Oddveig Alpen, og for meg er denne butikken ei hjarte- og familiebedrift med røter heilt tilbake til 1920-talet. Saman med mine gode hjelparar fører eg vidare ein tradisjon prega av fagkunnskap og ekte skaparglede.

I butikken i Fjøra brenn me for det gode handverket, frå mjukt garn til den minste knapp. Me er her for å inspirere deg til både nye prosjekt og til å ta vare på det du allereie har gjennom reparasjon og gjenbruk.

Kom gjerne innom for ein triveleg fagprat!

Helsing Oddveig Alpen

Meir enn berre ein garnbutikk – ein generasjon med fagkunnskap

Hjå Sy- og Strikkebui handlar det om meir enn berre nøste og tråd; det handlar om ein tradisjon som har vakse fram gjennom generasjonar. Med over 70 års samla erfaring og kompetanse i faget, kan me tilby noko heilt unikt til deg som er glad i handarbeid. Frå då Anny Alpen tok over håndarbeidsavdelinga på Svendsen og fram til i dag, har me bore med oss ein lidenskap for kvalitet og ekte handverk.

Erfaring du kan stola på

Om du er ein erfaren strikkar eller ein student som nettopp har funne fram pinnane, står me klare til å rettleia deg. Me har følgt utviklinga i faget sidan 1920-talet og veit kva som fungerer. Om du klør, har me alltid eit godt alternativ å tilby, og treng du noko me ikkje har inne, så bestiller me det gjerne for deg.